Helsestasjon for barn 0-5 årHelsestasjon for barn 0–5 år er eit gratis og lovpålagt helsetilbod for barn og foreldre – frå fødsel og fram til skulestart.På helsestasjonen møter de helsesjukepleiar som følgjer opp barnet si helse og utvikling. I tillegg deltek lege, fysioterapeut og familierettleiar ved enkelte konsultasjonar.Tilbodet omfattar mellom anna:Heimebesøk til nyfødderegelmessige helsekontrollarHjelp/råd ved ammingRettleiing om dei grunnleggjande behova til bornet, vekst og utviklingSamtale og rettleiing rundt det å vera foreldreVaksinering av born etter anbefalt vaksinasjonsprogramUndersøking av born, tilvising til samarbeidspartnarar/spesialistarOppfølging av born med spesielle behovOppfølging av familiar med vanskelege livssituasjonarTilbod om foreldreveiledningHelseopplysingSped- og småbarnstreff på Kulturkafeen Sist endra 03.09.2025 14.01