Krav om EHF faktura
Vestre Slidre kommune har frå 01.08.2023 berre tatt imot fakturaer på EHF-format i samsvar med Forskrift om elektronisk faktura i offentlige anskaffelser.
Vestre Slidre kommune sitt organisasjonsnummer er: 961 382 157.
Om de ikkje leverer på EHF-format pr i dag tilrår me dykk til å ta kontakt med leverandør av programvare for fakturering, rekneskapsførar eller bank.
Kun i særskilte tilfeller godtek vi faktura på e-post og då berre som vedlegg i PDF-format. PDF-fil skal sendast til: faktura@vestre-slidre.kommune.no
Fakturareferanse
Faktura skal ha referansenummer i feltet «Kjøpers referanse» («Buyers reference»). Kravet om referansenummer skal sikre at fakturaen kjem til rett mottakar så raskt som mogleg. Referansenumra følger tenestenummeret som kommunen bruker i sin orgasisasjonsoversikt. Bestillar i kommunen skal oppgi referansenummeret ved bestilling. Og de kan også finne det nedanfor her. Det er 5-sifra med bokstavane VS framom:
VS10000 Kommunestyre/ formannskap
VS10010 Politiske råd og utval
VS10030 Val
VS12010 Felles administrasjon
VS20100 Røn Naturbarnehage
VS20110 Slidre Kulturbarnehage
VS20200 Slidre skule
VS27500 Introduksjonsordningen
VS37000 Biblioteket
VS37010 Biblioteket Slidreøya
VS38300 Kulturskula
VS38510 Frivillig
VS32000 Brennabu leirskule
VS24100 Legetenesten
VS24101 Fengselshelsetenesten
VS24400 Barnevern admin
VS25300 Helsetunet
VS25320 Individuelt tilrettelagte tenester
VS25400 Heimetenesten
VS30100 Planarbeid
VS30200 Byggesak
VS30300 Kart og oppmåling
VS32900 Jordbruk
VS32910 Skogbruk tilrettelegging
VS33200 Kommunale vegar
VS19010 Vaktmester/Vedlikehald
VS19020 Reinhald
VS22100 Barnehage bygg
VS22200 Sidre skule bygg
VS26100 Institusjonslokale
VS26500 Kommunalt disponerte husvære m/helsevedtak
VS26510 Kommunalt disponerte husvære u/helsevedtak
VS32010 kommunale utleige lokaler næring
VS33500 Parkanlegg/ Leikeplassar
VS38600 Kommunale kulturbygg
VS33800 Feiing/Forebygging
VS33805 Forebygging brann
VS33900 Brannvesen
VS34000 Produksjon av vatn
VS34500 Distribusjon av vatn
VS35000 Avløpsrensing
VS35300 Kloakknett
VS35400 Septiktømming
VS35500 Innsamling av avfall
VS32100 Konsesjonskraft
Ved andre spørsmål ta kontakt med oss på telefon 468 46 909 eller på e-post:
faktura@vestre-slidre.kommune.no