Stortingsvalet 2021

Valdagane for stortingsvalet 2021 er 12. og 13. september.

Røysting på valdagane:
Stemmestaden er Vestre Slidre kulturhus

Opningstider:
Sundag 12. september : kl. 13.00 – 20.00
Måndag 13. september: kl. 08.00 – 18.00

Tidlegrøysting:
Dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen, kan du frå 1. juli t.o.m 09. august kontakte kommunen og avtale tid for å stemme. Hugs legitimasjon!

Kontakt sentralbordet 61345000 eller send epost til post@vestre-slidre.kommune.no.

Førehandsrøysting:
Frå 10.august til og med 10. september på servicetorget på Slidretun måndag til fredag kl. 09.00 – 15.30.

Sjuke og utføre kan stemme der dei oppheld seg. Fristen for å søke om ambulerande stemming er fredag 10. september. Veljarar som er i karantene/isolasjon kan søke fram til valdagen 13.09. klokka 10.00.

Kontakt sentralbordet 61345000 eller send epost til post@vestre-slidre.kommune.no.

Manntal:
Manntalet viser kven som har stemmerett.
Om du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteke av folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.
Då kan du velje om du vil stemme på valdagane i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsstemme i den kommunen du vil, i tida frå og med 10. august til og med 10.september 2021
Manntalet for Vestre Slidre krets ligg ute til offentleg ettersyn frå ca. 15. juli på servicetorget på Slidretun.

Valkort:
Ved stortings- og sametingsvalget i september 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt.

Personer som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret de siste 18 månadene, får valkortet tilsendt på papir.