Eigedomsskatt Vestre Slidre kommune 2026
Generell informasjon om eigedomsskatt:
Offentleg ettersyn
Eigedomsskattelistene blir lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, frå 1. mars kvart år. Skattelistene er tilgjengeleg for alle, og ligg på servicetorget på Slidretun og her på heimesida.
Klagefrist
Klagefristen er sett til 6 veker (frå 01.03.2026), frist: 12.04.2026. Eventuell klage må fremjast skriftleg til eigedomsskattekontoret på mail: eigedomsskatt@vestre-slidre.kommune.no
- Svar på klagene vil bli sendt ut fortløpande, og kvar klagar vil få skrifteleg melding når saka er ferdig handsama.
- Klaga må innehalde opplysningar om kva eigedom klage gjeld, grunngjeving for kvifor du meiner den fastsette taksten er feil.
- Legg ved dokumentasjon i form av takst, bilete eller teikningar o.l.
- Ei klage kan ikkje påklagast fleire gonger på same klage.
"Utdrag eiendomsskattelova:7 . kapittel – Oppgjerd og innkrevjing"
§ 25 Eigedomsskatten skal ytast til fastsett tid og med dei summane som først er fastsette, endå om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står under prøving for ein klageinstans eller domstolane."
Takst
Taksten på eigedomen gjeld til neste alminnelege taksering, som normalt blir gjennomført kvart tiande år. Det er sakkunnig takstnemnd i kommunen som fastset takstane. Klager på taksten blir behandla av sakkunnig klagenemnd.
Skatt
Fastsetting av eigedomsskatten skjer på grunnlag av eigedomsskattetakstane.
Størrelsen (promille) på eigedomsskatten skal vedtakast av kommunestyret for eitt år om gongen (vedtatt for 2026, 11.12.2025 arkivsak. 25/5646) , og kan vere mellom 2 og 7 promille av fastsett takstgrunnlag.
Vedtatt 11.12.2025:
Den alminnelege promillesatsen vert sett til 7,0 promille jf eigedomsskattelova §11. Differensiert skattesats for bustader og fritidsbustader vert sett til 2,0 promille jf eigedomskattelova §§ 11 og 12a. Differensiert sats for ubebygde grunneigedomar/tomert vert sett til 1,5 promille jf eigedomskattelova § 12b. Jf kommunestyresak 012/25.
Sakkunnig nemnd frå 19.10.2023
Leiar: Ola Haugrud, nestleiar; Ingvild Hovrud, medlem; Henrik Skattebo, varamedlemmer; Olav Rødningen, Audun Myrvold og Knut Kjøs Egge
kontakt leiar; ola.haugrud@vestre-slidre.kommune.no
Sakkunnig klagenemnd
Ketil Rogn-Hamre, leiar; Ola Ingar Rosendal, nestleiar; Anne Kari Røn, medlem; Marianne Aastad, medlem; William Holden, medlem
Spørsmål om eigedomsskatt eigedomsskatt@vestre-slidre.kommune.no