Faktura frå Vestre Slidre kommune

Her kjem informasjon om faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt

For abonnentar med månadleg faktura.

For dei abonnentane som har valt månadleg fakturering vil dei ulike gebyrene fordele seg slik:

  • Renovasjonsgebyr, tilsyn-/feiegebyr og tilsynsgebyr privat avløp vil bli delt på 12 terminar.
  • Vatn- og avløpsgebyr blir fordelt på 12 terminar. NB! Fakturaen for januar vil innehelde abonnementsgebyr, men ikkje akonto gebyr, da oppgjøret for vassmålar ikkje er klart før i februar. For februar vil akonto fakturerast for 2 månader, både januar og februar.
  • Eigedomsskatten vil bli fordelt på 12 terminar. NB! Faktura for januar vil ikkje innehelde eigedomsskatt, da nye takstar og skattelister blir vedtake fyrst i februar. Eigedomsskatt for januar og februar månad, vil bli fakturert i februar.

 

For abonnentar med kvartalsvis faktura.

For dei abonnentar som betalar kommunale avgifter 4 gonger i året, vil få faktura for første kvartal i februar.
 

For abonnentar med halvårleg faktura.

For dei abonnentane som betaler kommunale avgifter to gonger i året vil første faktura gjelde for perioden 01.01. til 30.06. og faktuaren blir sendt ut i februar. Siste faktura vil gjelde for perioden 01.07. - 31.12. og kjem i september. 

Husk at du alltid kan logge inn på Min side og finne oversikt over faktura og gebyr knytt til din eigedom.

Her kan du også velgje antal terminar for faktura.

  • Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert etter kunden sitt ønskje: kvar månad, kvart kvartal eller to gonger i året (halvårleg), med forfall den siste dagen i månaden.
  • Barnehage og SFO vert fakturert kvar månad unntatt juli, med forfall den siste dagen i månaden.
  • Kulturtenester vert fakturert to gonger i året (for haust- og vårsemester), normalt mot slutten av semesteret.
  • Helse og omsorgstenester vert fakturert etterskotsvis kvar månad, med forfall 20. kvar månad.
  • Husleige kommunal husvære vert fakturert kvar månad, med forfall 20. kvar månad.

e-faktura

I nettbanken din har du moglegheit til å automatisk godta e-faktura frå alle bedrifter som tilbyr denne tenesta og som ein har eit kundeforhold til. Finn e-Faktura-tenesta i din nettbank for å velgje e-faktura som digitalt førsteval for faktura (Ja takk til alle).

Avtalegiro

Avtale Giro er ein teneste for automatisk betaling av dine faste rekningar. Det vil seie at banken sørgjer for at rekningane vert betalt direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om trekka vert gjort automatisk av banken.

Dette vert gjort i nettbanken eller ved at du tek kontakt med banken. Vestre Slidre kommune kan ikkje opprette avtalegiroavtale for deg. Nødvendig KID- og bankkontonummer finn du på den siste fakturaen for kommunen. Det må opprettast eigne avtalegiroavtaler for forskjellige kommunale tenester (som kommunale avgifter, helse og omsorg (inklusiv husleige kommunal husvære) og barnehage/SFO/kulturskole.

Kontaktinfo

Vladimir Cudina
Regnskapsmedarbeidar
E-post
Telefon 46 84 69 09