Første faktura for feie-/tilsynsgebyr for fritidsbustader og støler er sendt ut.
Det er i første omgang fakturert for 1 pipe pr. eigedom. Antallet piper vil kunne bli endra etter at feiaren har vore innom alle eigarar på tilsyn.
Pipe 1: kr 300,- pr. år
Pipe 2: kr 150,- pr. år
Har du ikkje pipe og har fått tilsendt faktura for feiing/tilsyn, gje tilbakemelding til Valdres Brann- og Redningstjeneste IKS: post@valdresbrannvesen.no
Forebyggende forskrift
I 2016 kom ei ny Forskrift om brannforebygging som omhandlar feiing og tilsyn av alle bustader, fritidsbustader og støler.
Gebyr
Alle blir fakturert eit årleg tilsyns- og feiegebyr. Tilsyn og feiing vil ikkje bli gjennomført kvart år, men behovsprøvd i forhold til bruk og tilstand i skorsteinen og fyringsanlegg.
Feiing og tilsyn
Det viktigaste førebyggjande tiltaket til fritidsbustader og støler, er tilsynet som utføres. Ved eit tilsyn blir det undersøkt at skorstein og ildsted er i tilfredsstillande stand og at alt er forskriftsmessig montert. Feiing blir utført ved behov. Eier eller representant må vere til stades da feieren er avhengig av å komme inn for å gjennomføre tilsynet.
Du vil motta SMS frå feiaren når det er tid for feiing/tilsyn hos deg
Du vil få en SMS frå "Feiaren" som er ditt brannvesen når det er tid for å utføre feiing/tilsyn på bustad/fritidsbustad/støl. SMS-varslinga starter alltid med følgjande tekst: https://q.norkart.no/xxxxx. (Du kan også logge deg inn via heimesida www.valdresbrannvesen.no og trykk på Min Eiendom.)
Ved spørsmål om feiing og tilsyn eller faktura som gjelder feiing/tilsyn, kontakt Kjell Ivar Haugen i Valdres Brann- og Redningstjeneste IKS, telefon 908 56 810.