Betalingssatsar barnehage frå 01.01.26
Gebyr for sein henting
Gebyrsatsar for sein henting
Prisar for skulefritidsordninga
Kulturskulen - elevkontigent pr. semester
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Føresette kan søke om reduksjon i foreldrebetaling for eit barnehageår om gongen, eller ved tildeling av plass i løpet av året. Det finnes to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.
Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Ordninga går ut på at ingen skal betale meir for ein barnehageplass enn 6 prosent av hushaldets samla skattepliktige person- og kapitalinntekt, det kan da søkast om redusert foreldrebetaling i føresettportalen.
Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringer
Det blir gitt fritak for foreldrebetaling for 20 timer per veke frå og med 1. august det kalenderåret dei fyller to år og fram til skulestart, dersom hushaldets samla inntekt det siste året er lågare enn inntektsgrensa for ordninga som er fastsett av stortinget.
For barnehageåret 2026/2027 kan hushald som har en samla inntekt som er lågare enn kr 692 465 per år søke om gratis kjernetid for barn født mellom 2021 og 2024, og barn med utsett skulestart.
Dokumentasjon av inntekt
Kommunen hentar inntektsopplysningar frå skattemyndigheitene for å kunne handsame søknader om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid med bakgrunn i låg inntekt.
Dersom ei husholdning ikkje har skatteopplysningar frå året før, må det leggast ved dokumentasjon på nåværande inntekt. Dersom det blir varig endringar i inntekt i løpet av året, kan det søkast om redusert foreldrebetaling på nytt. Det må da leggast ved ny dokumentasjon.
Søknadsfrist
For barn som har fast plass i barnehagen eller startar i barnehagen frå hausten av, skal det søkast innan 15. juni.
Dersom barnet startar midt i eit barnehageår, kan du sende inn søknad månaden før barnet startar i barnehagen.
Det er mogleg å søke undervegs i året dersom det skjer vesentlege og varig endringar i hushaldet si inntekt. Vedtaket vil gjelde frå og med månaden etter søknadstidspunktet.
Vedtak
Et vedtak gjelder som hovudregel for eit barnehageår, 01.08.XX - 30.06.XX. Juli er betalingsfri.
Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling