Velkommen til barnehagen!

Når barnet begynner i barnehagen

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leke, utforske og lære.

Kommunikasjon med barnehagen

Den skriftelege kommunikasjonen mellom barnehage og heim går hovudsakeleg gjennom ein app som heiter Visma Min Barnehage. Her kan du blant anna:

  • Få og sende meldingar med barnehagen  
  • Registrere kva for dagar barnet ditt ikkje skal være i barnehagen  
  • Få dagbok som fortel om barnets små og store opplevingar i barnehagen, i form av tekst og bilde  
  • Få felles beskjeder med informasjon frå barnehagen 

Les meir om og last ned app her 

Artikkelliste