Helsestasjon for barn 0-5 år

Helsestasjon for barn 0–5 år er eit gratis og lovpålagt helsetilbod for barn og foreldre – frå fødsel og fram til skulestart.

På helsestasjonen møter de helsesjukepleiar som følgjer opp barnet si helse og utvikling. I tillegg deltek lege, fysioterapeut og familierettleiar ved enkelte konsultasjonar.

Tilbodet omfattar mellom anna:

Heimebesøk til nyfødde

  • regelmessige helsekontrollar
  • Hjelp/råd ved amming
  • Rettleiing om dei grunnleggjande behova til bornet, vekst og utvikling
  • Samtale og rettleiing rundt det å vera foreldre
  • Vaksinering av born etter anbefalt vaksinasjonsprogram
  • Undersøking av born, tilvising til samarbeidspartnarar/spesialistar
  • Oppfølging av born med spesielle behov
  • Oppfølging av familiar med vanskelege livssituasjonar
  • Tilbod om foreldreveiledning
  • Helseopplysing
  • Sped- og småbarnstreff på Kulturkafeen

Kontaktinfo

Kristin Kværna
Fagleiar, helsesjukepleiar
E-post
Mobil 95 88 75 94
Hilde Kristin Stokke
Spesialsjukepleiar
E-post
Mobil 47 71 29 06