Skulehelseteneste

Helsesjukepleiar er til stades på skulen tysdagar, onsdagar og torsdagar.

  • Kristin R. Kværna er helsesjukepleiar for barneskulen (1.–7. trinn).
  • Hilde Kristin Stokke er spesialsjukepleiar og har ansvar for ungdomstrinnet (8.–10. trinn).

Elevane kan ta kontakt med helsesjukepleiar for samtalar, råd og rettleiing om helse, trivsel og utvikling. Tilbodet er gratis og frivillig.

Tenesta omfattar blant anna:

  • Skulestartundersøking
  • Helseundersøking og rådgjeving/rettleiing med oppfølging/tilvising ved behov.
  • Førebyggande psykososialt arbeid.
  • Oppfølging av elevar med spesielle behov.
  • Samarbeid med skule om tiltak som fremmer godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevar.
  • Undervising og bistand i gruppe/klasse/foreldremøter.
  • Deltaking i tverrfaglege møter.
  • Samarbeid om habilitering av elevar med spesielle behov
  • Tilbod om foreldreveiledning.
  • Vaksinering av elevar etter anbefalt vaksinasjonsprogram.
  • Helseopplysning