Fysioterapitenesta i Vestre Slidre

Fysioterapi er ei førebyggande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande verksemd utøvd av fagpersonar med offentleg godkjenning. Hensikta med fysioterapi er å optimalisere livskvalitet og moglegheit for bevegelse.

Vestre Slidre har to privatpraktiserande fysioterapeutar med driftstilskot og ein kommunalt tilsett fysioterapeut. Vestre Slidre fysikalske institutt ligg i Slidre sentrum. Instituttet tilbyr individuell behandling og trening i gruppe. Den kommunale fysioterapeuten er knytt til Frisklivssentralen, Helsestasjonen og tenesta Kvardagsrehabilitering.

Tilvising
Du treng ikkje tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeut.

Pris
Alle pasientar betalar eigenandel for undersøking og behandling. Taket for frikort eigenandel 2 er 2025 kr (2018). Dersom behandlinga overstig 2025 kr, får du automatisk tilsendt frikort 2 i posten. Born under 16 år er fritake eigenandel.
 

Kontaktinfo

Åshild Gjevre
Fysioterapeut
Telefon 94 78 42 42
Bjørn Rudolf Øygard
Fysioterapeut
Jan Tore Vik
Fysioterapeut
Telefon 92 86 89 86

Adresse

Vestre Slidre fysikalske insititutt
Slidrevegen 18
2966 Slidre