Klage på helse- og omsorgstenester

Her finn du informasjon om korleis du kan klage eller varsle dersom du opplever svikt i helse- og omsorgstenestene. Du får òg vite kven som kan hjelpe deg.

Du kan klage på vedtak

Dersom du har fått eit vedtak eller ei avgjerd du er usamd i, kan du klage.

Du kan til dømes klage dersom du:

  • har fått avslag på tenester
  • meiner du har fått for lite hjelp
  • ikkje får oppfølging innan rimeleg tid
  • ikkje har fått god nok informasjon eller oppfølging

 

Korleis går du fram?

  • Send klaga til den som har fatta vedtaket.
  • Saka blir vurdert på nytt.
  • Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klaga send vidare til statsforvaltaren eller kommunen sitt klageutval.
  • Du får skriftleg svar når saka er behandla.

Du kan klage på innhaldet i tenesta

Du kan klage dersom du meiner at:

  • du ikkje får nødvendige helse- og omsorgstenester
  • tenestene du får ikkje er forsvarlege
  • du har fått feil eller mangelfull informasjon
  • helsepersonell har brote teieplikta
  • det er brukt tvang utan lovleg grunnlag

 

Korleis går du fram?

Dersom du er misnøgd med innhaldet i tenestene du får, bør du først seie frå til tenesta:

  • Ta kontakt med kontaktpersonen din eller leiaren for tenesta.
  • Forklar kva du er misnøgd med.
  • Fortel kva du ønskjer skal bli betre.
  • Tenesta skal undersøkje saka og gjere endringar dersom det er behov for det.

Treng du hjelp til å klage?

Du kan få hjelp fleire stader:

  • Tildelingskontoret kan hjelpe deg med å skrive ned klaga.
  • Pasient- og brukarombodet kan gi råd om kva rettar du har, og korleis du går fram for å klage.

Dersom de ikkje blir samde, kan du klage til statsforvaltaren.

Kontaktinfo

Tildelingskontoret
Telefon 94 86 61 23

Åpningstider

Måndag-fredag
Kl. 10:00-14:00