Barn som pårørande er i mange kategoriar og dei kan ha:
• foreldre og sysken med rus og alkoholmisbruk,
• foreldre og sysken med alvorleg diagnose som f.eks. kreft
• foreldre og sysken med psykiske lidingar.
Å vere barn som pårørande har stor påverknad på deira kvardag. Nokon barn kan streve med å setje ord på det som er vanskeleg. Det er ikkje uvanleg at barnet forandrar seg:
• Det kan bli vanskeleg å konsentrere seg om lekser på skulen og om leik og læring i barnehagen.
• Nokon kan bli meir sinte, og kan utagere.
• Det er ikkje uvanleg å trekkje seg bort for seg sjølv
Vi som vaksne profesjonelle må væra konkrete og spørja barnet direkte og vere der for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har mogelegheita til å snakka med den vaksne som tok opp temaet. Det kan væra nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".
Forsking viser at barn vil ha informasjon og vite. Fantasien er ofte vondare enn verkelegheita.