Tenesta følgjer barn og deira familiar med helseopplysing, rettleiing, standardiserte undersøkingar, vaksiner og anna målretta oppfølging på faste tidspunkt. Oppfølginga omfatter både fysisk og psykososial utvikling og skal bidra til gode oppvekstvilkår. Tenesta har også ansvar for å fange opp risikofaktorar, utfordringar og skeivutvikling - og setje inn nødvendige førebyggande tiltak.
Tenesta har tett samarbeid med:
- barnehagane og skulen
- barne- og ungdomslos
- jordmortenesta
- flyktningtenesta
- kommunepsykolog og psykisk helseteneste
- Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)
- barnevern
- NAV
- politiet
- tannhelsetenesta.
Tenesta samarbeider også med spesialisthelsetenesta som sjukehus, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og habiliteringstenesta.
Tverrfaglege team for barn og unge
Kommunen har fleire tverrfaglege team som kan brukast for å drøfte utfordringar familiar står i, og for å finne gode og heilskaplege løysingar.
Desse teama består av fagpersonar frå ulike tenester og fagområde, og samarbeider tett for å sikre god oppfølging og støtte.
Trykk her for meir informasjon om dei tverrfaglege teama for barn og unge