Målgruppe:
Barn og unge i alderen 6–16 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
Kva kan det søkjast om?
- Deltakaravgift i/for samlingar, kurs og kultur- og idrettsforeiningar for inntil eitt kalenderår (klubbavgift, treningsavgift).
- Reise til/frå og deltakarkontingent for desse som er nemnt ovanfor
- Nødvendig utstyr og klede.
Det blir dekka utgifter for inntil 3000 kroner per barn/ungdom i året.
Slik søker du:
Ein kontaktperson frå laget/foreninga kan søkje om støtte på vegner av barnet eller den unge det gjeld.
For barn/unge under 15 år, krevst det at søkjar er i dialog med føresette og at dei samtykkjer til at søknaden vert sendt.
Privatpersonar kan ta kontakt med kontaktperson i kommunen for å søke.
Sensitive personopplysningar skal ikkje opplysast i søknaden, og det skal ikkje nemnast namn på deltakar verken i søknaden eller i vedlegg.
Yngve Ask