Ungdomsklubben Løfte

Ungdomsklubben har fått nye lokaler i bankbygget i Slidre. Ungdomsklubben har filmrom, gamingrom, danserom og fellesrom med forskjellige spel og sittegrupper.

Følg med på ungdomsklubbens facebookside for oppdateringar: https://www.facebook.com/groups/497131390848633/  

Ungdomsarbeidaren, i samarbeid med Ungdomsrådet, jobbar for eit godt og inkluderande fellesskap i eit rusfritt miljø. Vi har utstyr for ulike ballspel, dart, biljard, air-hockey, kortspel, playstation. Kiosk med sal av brus, pizza og godteri. Vi arrangerar og temakveldar i blant. Klubben er open for ungdommar frå 8. klasse til 2. vgs.

Katrine Opheim er ungdomsarbeider i kommunen. Ho er utdanna barnevernspedagog, og har eit stort hjarte for alle ungdommar i bygda. I kombinasjon med stillinga, er ho også sosialpedagogisk rådgjevar på Vestre Slidre skule. 

Ruben Magistad Wold er vår ungdomsarbeidar nr 2. Han er utdanna innan kultur og samarbeider tett med Katrine. Ruben er vår representant inn i det regionale UKM arbeidet. 

Kontaktinfo

Ruben Magistad Wold
Kulturkonsulent og ungdomsarbeider
E-post
Telefon 40 60 40 35