Stifting og stipend - Vestre Slidre kommune

Stifting og stipend

Som innbyggjer i Vestre Slidre kommune er det fleire stiftingar og stipend ein kan søke på. Her kan ein lese meir om dei ulike, og om korleis ein søker. 

Stipend og stiftingar i Vestre Slidre kommune

 

 

Ingebjørg og Arnbjørg Ødegårds stiftelse som skal nyttast til hjelp for eldre i Vestre Slidre.  

Kari Vestlies stiftelse som skal nyttast til fordel for gamle og sjuke i Lomen sokn, enten dei er heime eller på gamle-/pleieheim. Inntil kr 30.000,-.  

Stiftelse til ungdom under utdanning som skal delast ut til ungdom frå Vestre Slidre som tek utdanning på universitet eller høgskule. Inntil kr 40.000,-. 

Knut Vistemyrens stiftelse som skal nyttast til velvære og hygge for bebuarar på Vestre Slidre sjukeheim (nye helsetunet), bebuarar i omsorgsbustadar og eldre som nyttar Plassen i Vestre Slidre. 

Søknad, vedlagt likningsattest, vert å sende Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre, innan 30.04.2026. Skriv på e-postadresse, telefonnummer og bankkontonummer på søknaden. Konvolutten må merkast med namnet til den stiftelsen du søkjer på.

Spørsmål om stiftingane ta kontakt med Anita Grythe tlf: 41927629 eller epost  anita.grythe@vestre-slidre.kommune.no

 

 

Dersom anna ikkje er oppgitt, skal dette sendast inn:

  • Søknad
  • Likningsattest
  • e-postadresse
  • bankkontonummer
  • Konvolutten må merkast med namnet til det legatet du søkjer på.

 

Søknaden sendast til:                     SØKNADSFRIST :  30.04.2026

  • Vestre Slidre kommune
  • Slidrevegen 16
  • 2966 Slidre