Kontroll av sals- og skjenkestadar

Kommunen har ansvar for å kontrollera at sals- og skjenkesteder følgjer alkohollova og reglane i forskriftene. Kontrollane kan vera opne eller anonyme. Skjenkekontrollar vert alltid utførte av to kontrollørar og salskontrollar i hovudsak av èin. Dei vil alltid legitimera seg før eller etter kontrollen.

Etter kontrollen får ansvarleg på sals- eller skjenkestaden informasjon om rapporten til kontrollørane, og kopi av rapporten vil verta sendt på epost ca. ei veke etter kontrollen. Valdreskommunane nyttar Trygg24 som kontrollørar.

Ved brot på regelverket vil det verta tildelt prikkar etter eit fastsett system, les meir i forskriftene kap. 10.