Omsetningsavgift - rapportering av alkoholomsetning

Alle som har fast/alminnelig sals- eller skjenkeløyve skal kvart år betale eit gebyr til kommunen. Gebyret vert berekna ut i frå ei forventa omsetning av alkohol og det vert samstundes gjort ei avrekning i forhold til faktisk omsetning frå året før.

Omsetningsrapporten

Omsetningsrapport for alkohol skal sendast inn til kommunen innan

  • 1. mars

Dersom behov kan fristen forlengast, etter avtale med kommunen. Manglande levering av omsetningsrapport innan fristen, og utan avtale om forlenga frist, medfører prikkbelastning à to prikkar.

Omsetningsrapporten MÅ vere signert av ekstern revisor eller ha vedlagt omsetningsrapport frå leverandør av alkoholvaren.

Minstegebyr 2023

Gebyra er fastsett i § 6-2 i forskrift om omsetning av alkoholholdig drikke. 

Forskrifta og gjeldande gebyr finn ein her:  Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskriften)