Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

For å kunne servera alkohol må du som hovudregel ha eit skjenkeløyve. Det finst to type løyve; faste/alminneleg løyve og løyve (ambulerande) for enkelt arrangement.

Faste/alminnelige skjenkeløyve

Denne løyvetypen gjeld for ulike serveringsstadar som vil selja alkohol til sine gjestar. For å få innvilga skjenkeløyve, må følgjande krav vera innfridd:

Det må utpeikast èin styrar og èin avløysar over 20 år, som må vera tilsett ved staden eller arbeida der i kraft av si eigarstilling. Styrar og avløysar må ha bestått ein kunnskapsprøve. Eigarar, styrar og avløysar må ha uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova.

Saksbehandlingstida

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå vi har motteke alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengast med èin månad dersom forhold gjer det nødvendig.

Søk om skjenkeløyve

Løyve for enkelt arrangement (opne og lukka)

Det kan søkjast om skjenkeløyve for enkeltarrangement som til dømes konsertar, festivalar, ulike type festarrangement for firma, lag, organisasjonar og privatpersonar. Nokre type arrangement er ikkje løyvepliktige. Dersom tvil om løyveplikt eller løyvetype, er det kommunen som har avgjerdsrett. Ta kontakt med kommunen for rettleiing.

Søknadsfristar

  • Skjenkeløyve, alminneleg, minimum 4 veker.
  • Lukka arrangement/ambulerande skjenkeløyve – 2 veker
  • Ope arrangement/enkelt høve – 4 veker
  • Større arrangement t.d. festivalar – minst 8 veker

Prisar 2023

Fast bevilling: Ikkje gebyr, blir kravd inn omsetningsavgift, sjå dette. 
Ambulerande skjenkeløyve/lukka arrangement – kr. 350
Skjenkeløyve ved enkelttilhøve – kr. 500

Søk om skjenkeløyve for enkelthøve/ambulerande

Salstider:

Tida for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gruppe 1 kan skje frå kl.08.00 til kl.20.00 på kvardagar og frå 08.00 til kl.18.00 på dagar før søndagar og heilagdagar unntatt dagen før Kristi Himmelfartsdag. Sal og utlevering kan ikkje skje på søndagar og heilagdagar, 1. og 17. mai

Skjenketider:

Alminnelig skjenketid for alkoholhaldig drikk gruppe 2 og 3 kan skje frå kl.13.00 til 24.00. Skjenking av alkoholholdig drikk gruppe 1 kan skje frå kl.08.00 til 01.00.

Etter søknad kan kommunestyret eller den det gir fullmakt, gjera følgjande unntak fra den alminnelige skjenketida:

a) Serveringstad med rett til å skjenke alkoholholdig drikk i gruppe 1 og 2, kan gis skjenketid til kl.02.00.
b) Serveringsstad med rett til å skjenke alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 kan gis skjenketid til kl.02.00.
c) Skjenking ved uteservering avsluttar skjenking kl.23.00 der uro kan være til sjenanse.

Serveringsstadar i Vestre Slidre kommune som har rett til å skjenke alkohol utover kl.24.00, kan ha ope ein halv time etter at skjenketida er over, men ikkje etter kl.02.30.

Skjenking av brennevin mellom kl.03.00 og 13.00 og skjenking av øl og vin mellom kl.03.00 og 06.00 er forbudt, og kommunen kan ikkje gje løyve til utvida skjenketid ut over desse tidene, jf. alkoholloven § 4-4.

Vi ber om dei som ynskjer å søkje om løyve i samband med skjenking om å gjere seg kjent med alkoholpolitisk handlingsplan som de finn her: Alkoholpolitisk handlingsplan (PDF, 2 MB)