Tobakkssal - registrering og kontroll

Dersom du sel tobakk eller liknande, skal det registrerast i Tobakkssalgsregisteret seinast 14 dagar før salet startar. Det gjeld både faste salsstader og mellombelse salsstader med sal opp til 30 dagar. 

Alle verksemder som sel tobakk er pliktige til å registrere seg i Tobakkssalgsregisteret slik det står på Helsedirektoratet sine nettsider:  

Virksomheter som selger tobakksvarer og tobakkssurrogater må være registrert i Tobakkssalgsregisteret - Helsedirektoratet

Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversyn over:

  • lovlege salsstadar og grossistar av tobakksvarar og tobakkssurrogater
  • kva for salsstadar og grossistar det lovleg kan omsetjast tobakksvarar og tobakkssurrogater til og frå
  • kva for salsstadar og grossistar det skal førast tilsyn med 

Desse er omfatta av registreringsplikta 

Registreringsplikta gjeld både grossistar og for den som er juridisk ansvarleg for sal til forbrukar. Det er fysisk salsstad som skal registrerast, slik at fleire salsstader på same adresse skal registrerast kvar for seg.  

Sal av e-sigaretter, gjenoppfyllingsbehaldarar, urtebaserte røykeprodukter og andre tobakkssurrogat er også omfatta av registreringsplikta.

Registreringsplikta gjeld både faste og mellombelse salsstader. Mellombelse salsstader er sal opp til 30 dagar, slik som festivalar, konsertar og andre arrangement.  

Så fort ein salsstad er registrert kan avgift bli krevd inn.  

Salsstader som avsluttar salet, må hugse å avregistrere for å unngå krav om tilsynsavgift og tilsyn etter at salget er avslutta.

For sal på kollektive transportmiddel gjeld eigne reglar. 

Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med salsstader og Helsedirektoratet fører tilsyn med grossistar.

Kommunen kan gje pålegg som til dømes retting og tvangsmulkt etter tobakksskadeloven § 36. 

Pris

Det kostar ikkje noko å registrere seg i registeret. Kommunen krev ei årleg avgift på det beløpet som § 33 i Forskrift om registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer mv opnar for. I 2026 er det kr 5900 per år for faste salsstader, og kr 1580 for mellombelse salsstader.

Krav til verksemder og eigendomar, kommunen sine verkemiddel og klage  

Folkehelselova kapittel tre gjer greie for krav til verksemder og eigedomar og kva verkemiddel kommunen har for å sikre at krava er oppfylte. Vedtak frå kommunen kan etter lova sin § 19, jf m.a. forvaltningslova kapittel 5, påklagast. Klageinstans er Statsforvaltaren. Klage skal, her som ellers, stilast til og sendast til kommunen. Kommunen gjer i det enkelte vedtak nærare greie for klageretten.  

Rettleiing

For å kunna registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemd rolle i verksemda, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller lignande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda. Innlogging med BankID.

Tobakksalgsregisteret finn du her: Tobakk- og bevillingsregisteret

Relevante nettsider og lovverk

Forskrift om registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer mv. finn du her: Forskrift om registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer mv - Lovdata

Tobakksskadeloven finn du her: Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadeloven) - Lovdata

Folkehelselova finn du her: Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) - Lovdata

Les meir hos Helsedirektoratet: Tobakk, røyk, snus og e-sigaretter - Helsedirektoratet