Landbruksveg - bygging

Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Kriterium

  • Skal du byggje ein landbruksveg med ei lengd på over 5 kilometer, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak.
  • Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjend av vegstyresmaktene.
  • I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
  • Skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar
  • Kommunen kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.

Handsaming


Fylkesmannen skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha følgjer for interessene i fagområda deira.

Kommunen gjer vedtak om godkjenninga, set eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygt. Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Kartdel som viser:

  • planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
  • planlagde massetak i samband med vegbygginga
  • lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området
  • eksisterande bygningar


Rettleiing

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram.
Skjema finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.

Handsamingstid

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.