Tilskotsordningar i Kraft- og næringsfondet og i Utviklingsfondet - Vestre Slidre kommune

Tilskotsordningar i Kraft- og næringsfondet og i Utviklingsfondet

Tiltak for å fremme landbruksnæring, annan næringsverksemd, husbygging og løypekøyring kan få tilskot frå Vestre Slidre kommune. 

Kraft- og næringsfondet i Vestre Slidre kommune har dei siste åra blitt tilført vel 1,2 millionar kroner kvart år. I tillegg har kommunestyret vedtatt å styrke satsinga på utvikling av løypekøyring og tiltak som Kraft- og næringsfondet ikkje har nok midlar til å dekke. Styrkinga kjem gjennom oppretting av Utviklingsfondet. Kommunestyret vedtok oppretting av Utviklingsfondet samt nye retningsliner for båe fonda i sitt møte 18. juni 2026.

Formål 

Kommunen kan gje tilskot frå Kraft- og næringsfondet til desse formåla med separate retningsliner for kvart formål:

  • Landbruk
  • Næring (anna enn landbruk)
  • Auka bustadtilfang 

Kommunen kan gje tilskot frå Utviklingsfondet til stadutvikling, reiseliv og andre formål som kommunestyret fastset. Det kan vere overlappande føremål med retningsliner for tilskot i Kraft- og næringsfondet dersom det ikkje er budsjettdekning i Kraft- og næringsfondet. 

Søknadsfrist og sakshandsaming 

Søknadsfristar er 1. mai og 1. oktober kvart år. Formannskapet sakshandsamar så snart innstillinga frå kommunedirektøren er klar.  

Kommunestyret opprettar eit nytt fond for dei frie, ubundne, midlane som tidlegare har vore tilført Kraft- og næringsfondet, kalla Utviklingsfondet. 

  • Utviklingsfondet blir tilført midlar gjennom budsjettvedtak i Kommunestyret. 
  • Kommunestyret godkjenner retningslinene for begge fonda slik dei er lagt fram i saka. 
  • Det nye retningslinene gjeld frå vedtaksdato, 18.06.2026. 

 

Retningslinene

Retningslinene finn du øvst i artikkelen. Der står det også kvar søknaden skal sendast.  

Artikkelliste