Kraft- og næringsfondet i Vestre Slidre kommune har dei siste åra blitt tilført vel 1,2 millionar kroner kvart år. I tillegg har kommunestyret vedtatt å styrke satsinga på utvikling av løypekøyring og tiltak som Kraft- og næringsfondet ikkje har nok midlar til å dekke. Styrkinga kjem gjennom oppretting av Utviklingsfondet. Kommunestyret vedtok oppretting av Utviklingsfondet samt nye retningsliner for båe fonda i sitt møte 18. juni 2026.
Retningsliner
Retningslinene finn du her. Der står det også kva søknad skal sendast.
Retningsliner kraft- og næringsfond TILSKOT AUKA BUSTADTILFANG (PDF, 94 kB)
Retningsliner kraft- og næringsfond TILSKOT LANDBRUK (PDF, 227 kB)
Retningsliner kraft- og næringsfond TILSKOT NÆRING (PDF, 148 kB)
Retningsliner UTVIKLINGSFOND (UBUNDE FOND) (PDF, 165 kB)
Formål
Kommunen kan gje tilskot frå Kraft- og næringsfondet til desse formåla med separate retningsliner for kvart formål:
- Landbruk
- Næring (anna enn landbruk)
- Auka bustadtilfang
Kommunen kan gje tilskot frå Utviklingsfondet til stadutvikling, reiseliv og andre formål som kommunestyret fastset. Det kan vere overlappande føremål med retningsliner for tilskot i Kraft- og næringsfondet dersom det ikkje er budsjettdekning i Kraft- og næringsfondet
Søknadsfrist og sakshandsaming
Søknadsfristar er 1. mai og 1. oktober kvart år. Formannskapet sakshandsamar så snart innstillinga frå kommunedirektøren er klar.