Grensejustering

For å gjere eigedomsgrenser mellom naboeigedomar meir hensiktsmessige, kan du søke om grensejustering (små endringar)  eller arealoverføring mellom eigedomane (ved større endringar).

Vilkår for grensejustering

  • Arealet for dei eigedomane som er involvert kan auke eller minke med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
  • Grensejusteringa skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte eigedomane med meir enn grunnbeløpet i folketrygda.
  • Justeringa må ikkje være i strid med gjeldande reguleringsplan eller kommuneplan, eller jordloven.
  • Sjå alle vilkåra i Matrikkelforskriften § 34

Slik ber du om grensejustering

  • Send rekvisisjon til kommunen. Huks at alle eigarar av berørte eigedomar må signere søknadsskjemaet.
  • Legg ved kart som viser korleis de ynskjer å justere grensa. Du kan skrive ut kart frå kommunen si kartteneste. Vanleg målestokk er M 1:500.

Saksbehandlingstid


Grensejustering skal utførast innan 16 veker frå kommunen har motteke komplett rekvisisjon. Kommunen har vinterforskrift i perioda mellom 01.11-15.05 , då gjeld ikkje 16-vekers fristen.

Kontaktinfo

Lars Brestad
Oppmålingsingeniør
E-post
Mobil 91 69 31 39

Adresse

Besøks- og postadresse:

Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre

tlf: 61345000