Eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Dersom du ikkje treng å søkje om konsesjon, noko som gjeld dei fleste nye eigarar, må du som hovudregel fylle ut eit skjema som heiter ”Eigenfråsegn om konsesjonsfridom”. På bokmål heiter skjemaet ”Egenerklæring om konsesjonsfrihet”.

I Vestre Slidre er den vanlege konsesjonsgrensa sett ned i heile kommunen for at kommunen skal ha meir kontroll med omsetning og bruk av eigedom i kommunen. Dette vert gjerne kalla nullgrense for konsesjon og det må nyttast skjema LDIR-356 .

Skjemaet får du hjå  kommunen eller det kan lastast ned  frå Landbruksdirektoratets heimesidesider.

I skjemaet gir du opplysningar som kommunen treng for å vite at du ikkje pliktar å søkje om konsesjon.

Det skal fyllast ut eit skjema for kvar eigedom som vert overført. Nokon gonger har ein eigedom fleire gards- og bruksnummer, og då kan alle bruksnumra førast på same skjema som ein samla eigedom. Dersom eigedomen vert overført til fleire nye eigarar, må kvar nye eigar fylle ut kvart sitt skjema.
Erklæringa er personleg. Derfor kan du ikkje gje nokon fullmakt til å signere på skjemaet for deg.

Dersom du har spørsmål, kan du lesa rettleiinga til skjemaet eller kontakte kommunen. Kommunen registrerer skjemaet i matrikkelen slik at opplysningane er tilgjengelege for Kartverket når skøytet vert sendt til tinglysing.

Kontaktinfo

Lars Brestad
Oppmålingsingeniør
E-post
Mobil 91 69 31 39

Adresse

Besøks- og postadresse:

Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre

tlf: 61345000