Lokal forskrift om unntak frå tidsfristar i oppmålingsaker

Fastsett av kommunestyret i Vestre Slidre den 14.12.2009 med heimel i forskrift 26. juni 2009
nr. 864 om eigedomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd.

§ 1. Formål

Forskrifta har som formål å utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i
vinterhalvåret.

§ 2. Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfrist som er fastsett i matrikkelforskriften § 18 første ledd gjeld ikkje i perioden 1.
november til 15. mai. I dei delar av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 15. mai gjeld
ikkje tidsfristen før vegane er opne etter vinterstenging.

§ 3. Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1.1.2010.