Oppmåling av eksisterande grenser

Er det uklart kvar ei eksisterande grense mellom to eigedomar går, kan grensa klarleggjast ved ei oppmålingsforretning. Om grensemerke(r) som tidlegare er oppmålt (koordinatbestemt) er borte, kan du bestille ny merking av eigedomsgrensa.

Klarlegging av eksisterande grense

Send rekvisisjon av oppmålingsforretning til kommunen.

Legg ved kart over eigedomen som viser kva for grense du ynskjer klarlagt.

Ny merking av eksisterande grense

Send rekvisisjon til kommunen.

Legg ved kart som viser kva for grensepunkt som skal merkast på nytt.

Saksbehandlingstid

Klarlegging av eksisterande grense og ny merking av eksisterande skal utførast innan 16 veker. Kommunen har vinterforskrift i perioda mellom 01.11-15.05 , då gjeld ikkje 16-vekers fristen.

Kontaktinfo

Lars Brestad
Oppmålingsingeniør
E-post
Mobil 91 69 31 39

Adresse

Besøks- og postadresse:

Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre

tlf: 61345000