Kommuneplanen sin samfunnsdel (2017-2029)
Kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 4 MB) er retningsgivande og legg føringar for kommunen si samla utvikling i eit langsiktig perspektiv. Her definerer politikerne kva for mål dei har for utviklinga av lokalsamfunnet, samt kva for retningsliner dei vil at kommunen sin organisasjon skal arbeide etter for å nå måla.
Kommuneplanen sin arealdel
Gjeldande arealdel til kommuneplan vart vedteken i 2022 og er å finne her.
Kommuneplanen sin arealdel skal samordne viktige behov for vern og utbygging, slik at det blir lettere å utarbeide mer detaljerte planar og raskere å fatte beslutninger i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk. Arealdelen består av eit kart med føresegner. Kommuneplanen sin arealdel og bestemmingar er rettsleg bindande for alle arbeid og tiltak som omfattes av loven.
Kommunedelplanar
Ein kommunedelplan er ein plan for eit areal eller tema/verksemdområde. Tematiske kommunedelplanar skal angi mål og strategiar bygget på dei langsiktige måla angitt i kommuneplanen. Slike planar skal ha ein handlingsdel som rulleres årleg. Kommunedelplanar for areal har samme juridiske virkning som kommuneplanens arealdel.
Kommunedelplan helse og omsorg (2018-2030)
Kommunedelplan helse og omsorg (PDF, 2 MB) Vestre Slidre skal vera ein god stad å leva heile livet. Kommunedelplan for helse og omsorg omtalar mellom anna korleis kommunen gjennom førebygging, medverknad, samarbeid og kompetanseheving skal det leggast til rette for at flest mogleg blir i stand til å mestre eige liv best mogleg og lengst mogleg.
Kommunedelplan oppvekst (2018-2030)
Kommunedelplan oppvekst (PDF, 2 MB) Det er godt å bu i Vestre Slidre. Det vil vi at fleire skal få ta del i. Med kommunedelplanen for oppvekst 2018 – 2030, ynskjer vi å vise korleis vi samarbeider breidt om vidare utvikling av oppvekstmiljøet for
barn og unge.
Kommunedelplan for busetting og næringsutvikling (2020-2032)
Kommunedelplan for busetting og næringsutvikling (PDF, 3 MB)