Informasjon om stikkledninger

Stikkleidning er definert som "vass- og avløpsleidningar (røyr) inkl. overvatn (dreneringsvatn, takvatn, overflatevatn) frå kommunal hovudleidning fram til bygget". Stikkleidningen vert fullt og heilt eigd og vedlikehalden av eigedomseigar. Dette vil seia at eigedomseigar er ansvarlig for utbetring av defektar og eventuelle vasslekkasjar. Det private ansvaret strekker seg til og med tilkoplingspunktet til kommunal leidning.

Om lekkasje på privat stikkleidning

I nokre tilfelle kan det vera vanskeleg for eigedomseigar å vita om det er lekkasje på deira vassleidning. Ein kan likevel ofte høyra ein liten suselyd frå vassleidningane i huset sjølv om det ikkje blir tappa vatn. Skulle ein oppdaga slik suselyd, bør ein undersøkja nærare kva årsaka kan vera. Ein bør då kontakta røyrleggjar. Lekkasjar på stikkleidning kan føra til skader på bygningar og andre installasjonar. Lekkasje fører også til stort vassforbruk, sløsing med vatn og dermed til unødige kostnader for den enkelte abonnent.