Den eine posten gjeld abonnementsgebyr, den andre gjeld faktisk forbruk.
Forbruksdelen er rekna ut frå målarstand eller stipulert forbruk (som dei fleste har).
Vass- og avløpsgebyra er delte i to postar som følgje av ”Forskrift om vass- og
avløpsgebyr i Vestre Slidre kommune”. Denne forskrifta vart vedteken i
kommunestyret 05.12.2002, i medhald av Lov om kommunale vass- og
kloakkavgifter § 3, og forskrift om kommunale vass- og avløpsgebyr av 10.01.95, sist
endra 13.07.2000.