Vassmålaravlesing 2025No er det tid for vassmålaravlesing og det blir sendt ut SMS-varsling fredag 5. desember til dei som har registrert mobilnummer for avlesning. Det blir og sendt ut avlesningskort via SvarUt til dei som ikkje har SMS-varsling. Frist for innlesing på SMS er 15.desember. Får du ikkje lese av målaren før fristen, blir det sendt ut ei ny SMS påminning den 18. desember med ny svarfrist 28. desember. Har de spørsmål om avlesing, ta kontakt med kommunen på telefon 61 34 50 00.Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesingDei som har fått avlesingskort i digital postkasse (Digipost, Altinn, E-boks), kan fylle ut målarstand, signere og sende svarslippen til Vestre Slidre kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummer hvis du ynskjer å lese av målaren på SMS ved neste års avlesing.På avlesingskortet står det ei kode som kan brukast hvis ein ynskjer å lese av på den web-baserte løsninga, leseav.no.Frist for innlevering på leseav.no og avlesningskort er 5. januar 2026.Har de spørsmål, ta kontakt på telefon 61 34 50 00.Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger! Sist endra 05.12.2025 08.56