Vassmålaravlesing 2024No er det tid for vassmålaravlesing og det blir sendt ut SMS-varsling tysdag 10. desember til dei som har registrert mobilnummer for avlesning. Det blir og sendt ut avlesningskort via SvarUt til dei som ikkje har SMS-varsling. Frist for innlesing på SMS er 20.desember. Får du ikkje lese av målaren før etter 20.desember, vil det bli sendt ut ei ny SMS påminning den 21. desember med ny svarfrist 31. desember. Har de spørsmål om avlesing, ta kontakt med kommuna på telefon 61 34 50 00.Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesingDei som har fått avlesningskort i digital postkasse (Digipost, Altinn, E-boks), kan fylle ut målarstand, signere og sende svarslippen til Vestre Slidre kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummer hvis du ynskjer å få lese av målaren på SMS ved neste års avlesing.På avlesningskortet står det ei kode som kan brukast hvis ein ynskjer å lese av på den web-baserte løsninga, leseav.no.Frist for innlevering på leseav.no og avlesningskort er 8. januar 2024.Har de spørsmål, ta kontakt på telefon 61 34 50 00.Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger! Sist endra 10.12.2024 13.52