Vassforsyning

VA-avdelingen har eigar- og driftsansvar for dei kommunale vassverka i kommunen. Dette er Slidre og Røn vassverk, Vaset vassverk og vassforsyninga for industriområdet i Lomen. Vassforsyninga i Vestre Slidre kommune er fullt ut finansiert gjennom gebyr.


Ved vasslekkasjar og brot i vassforsyninga samt overløp på avløpsnettet kan dette varslast på vakttelefon 61 34 51 86. Ved driftsproblema på private leidningar må røyrleggarfirma kontaktast.

Slidre og Røn vassverk

Vassverket forsyner kommunesenteret i Slidre og tettstedet Røn med vatn. 
Vassverket har grunnvatn som vasskjelde. Vatnet vert filtrert i ”Marmorfilter” og desinfisert i UV-anlegg, før det går til forbrukar. Vassverket vart godkjent av Mattilsynet i 2008.

Vaset vassverk

Vassverket forsyner Vaset-området med vatn. Vassverket har grunnvatn som vasskjelde. Vatnet vert filtrert i ”Marmorfilter” og desinfisert i UV-anlegg, før det går til forbrukar. Vassverket vart godkjent av Mattilsynet i 2008.

Vassforsyninga for Lomen - industriområdet

Vassforsyninga har gravd brønn som vasskjelde. Vatnet blir desinfisert i UV-anlegg, før det går til forbrukar. Vassforsyninga er ikkje godkjenningspliktig.

Vatnet frå alle dei kommunale vassanlegga skal ved uttak frå kommunal leidning vera hygienisk trygt. Drikkevatnet tilfredsstiller krava i den nyaste drikkevannforskrifta.