Velkommen til Vestre Slidre

 

Er du ny her eller vurderar du å flytte til Vestre Slidre? Her har vi samla informasjon som vi håpar kan være av interesse for deg. I tillegg oppmodar vi deg til å ta kontakt med eventuelle spørsmål, eller for å ta en uformell prat om kva Vestre Slidre har å by på.

Send ein e-post eller ring til Torill Trøen (torill.troen@vestre-slidre.kommune.no/telefon 915 20 590. Torill har god oversikt over folk, aktivitetar, arbeid, bustader og andre ting som kan være av interesse. Vi ynskjer å gje deg ein varm velkomst til plassen vi bur på og kan informere om stort og smått i Vestre Slidre.