Formålet med planen er å legge til rette for vidare drift og utvikling av Brennabu leirskule med tilhøyrande bygningar og uteområde.
Planen er å finne på arealplaner.no. Dei tre plandokumenta plankart (pdf), planføresegner og planomtale finn du der under “plandokumenter”. Plankartet og føresegnene er dei juridisk bindande dokumenta i planen. Planomtalen er saksdokumentet som skildrar planområdet og forklarer og vurderer grepa i planen.
Kommunestyresaka der planen vart vedteken finn du her. Alle journalførte dokument finn du i arkivsaka.
Plankart får du også opp i origo/kommunegis. Origo liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som td. norgeskart. Her finn ein det meste av kartdata via laglista (åpne lagliste) i venstremenyen. her kan du skru av og på lag, du kan flytte lag opp og ned og du kan gjere lag gjenomsiktige.
Det vart og vedtatt utbyggingsavtale mellom utbyggar og kommunen. Link til denne saka finn du her
Klage og innløysing
Ein kan klage på planvedtaket etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:
- E-post: post@vestre-slidre.kommune.no
- Brev: Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Klagefristen er 20.juli 2026.
Eventulle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kap 15.