10.oktober er verdensdagen for psykisk helse - "Vi treng å lyfte blikket"

Kulturkafeen er open i dag 11-14

Pandemi, krig, klimakriser, flyktningkriser og livskriser. Etter to år i krisemodus, så ser det ut som vi går ei usikker og utfordrande tid i møte. Det skal vi ikkje trenge å gjere åleine.

Einsemd og utanforskap er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa. SSB og Levekårsundersøkinga frå 2020 syner at 11 prosent av befolkninga var mykje plaga av einsemd, og at det har vore ei jamn auke i opplevd einsemd blant ungdom. 1 av 5 seier at dei har få personer å rekne med ved store personlege problem, og i ei undersøking gjort av Opinion for Røde Kors seier kvar fjerde ungdom at dei ikkje har nokon å snakke med når livet blir vanskeleg. For sårbare og marginaliserte grupper, er utanforskapet enda større.

Historia syner at det er mykje kraft i å kome saman under kriser. Samstundes kan kriser også bidra til splitting og uro. Frykta for det ukjende kan gjere oss meir navlebeskuande enn vi elles ville vore, og gi næring til fordomar og diskriminerande haldningar. Det kan gjere det enda lettare å falle utanfor, og er noko vi må aktivt jobbe saman for å motverke.

Rekk ut ei hand, ta den ekstra telefonen eller den ekstra praten når vi i ein travel kvardag treffes i forbifarten. Den enkelte kan ikkje løyse utfordringane med psykisk helse åleine, men saman kan vi utgjere ein forskjell for andre. Vi treng kvarandre meir en nokon gong i ein kvardag som hastar forbi og kanskje ikkje ser den einskilde godt nok, seier ordførar Haldor Ødegård.

Vestre Slidre kommune held kulturkafeen open i dag mellom 11-14. I dag er temaet «vi treng kvarandre». Difor er akkurat du hjerteleg velkomen.