4.dagsfest for unge vaksne i Vestre Slidre

Vestre Slidre kommune inviterte også i år til 4. dagsfest for unge vaksne i kommunen. I alt 77 personar mellom 20 og 30 år var samla til ein hyggjeleg romjulskveld på Sekskanten, med mange trivelege gjensyn. Ordføraren innleia det heile med å ynskje alle velkommen og seie noko om bakgrunnen for arrangementet, før alle fekk servert ein velsmakande middag.

Etter maten og mykje hyggeleg prat rundt borda vart det stemningsskapande livemusikk med Biffen og Streken -  som held festen i gang utover kvelden og natta.

Tusen takk til alle deltakarane for ein triveleg kveld i lag!