Programmet byr på:
- Inkluderingsverkstad (Kulturkafeen 11:00–15:00) Her vert det uformelle samtalar og nye bekjentskap i bygda. Ein kan bli kjend frivillige lag og foreiningar i bygda, smake internasjonale rettar og knyte nye kontaktar i ei hyggeleg og avslappa atmosfære.
- Avslutning for Sommarles (Biblioteket 11:30) Vi feirar leseglede og sommarens leseeventyr saman med Eli Aurlund Sæle og Jon Ola Kjølhaug, formidlarar på Prøysen-huset. Det vert skodespel, allsong og kanskje får barna moglegheita til å kome opp på scena. Arrangementet passar for barn i alle aldrar, men er spesielt tilrettelagt for aldersgruppa 3–10 år.
- Presentasjon av Eldvegen-prosjektet av Valdres natur -og kulturpark (Kulturkafeen 11:00–15:00) Eit innblikk i framtidsplanane for Eldvegen og sentrumsutvikling – vekst og visjon.
- BUA (11:00–15:00) BUA stiller ut utstyr og viser fram alt det spanande som er mogleg å låne.
Målet er å skape møteplassar, byggje fellesskap og løfte fram både kultur, leseglede og viktige utviklingsprosjekt i kommunen.
«Vi ønskjer at Aktiv laurdag skal vere ein inkluderande og inspirerande dag der både fastbuande og tilflyttarar kan møtast, dele opplevingar og bli betre kjende. Programmet er variert, og vi trur det vil vere noko for alle,» seier arrangørane.
Tid og stad:
Laurdag 13. september, kl. 11:00–15:00
Biblioteket, Kulturkafeen og BUA i Vestre Slidre.
Aktiv laurdag program