Befaring av tidligere Vestre Slidre sjukeheim
Til byggenæringa i Vestre Slidre og omegn.
Førebuing av framtidig ombygging og bruk av tidligere Vestre Slidre sjukeheim.
Fredag 4.10 kl 10-12 inviterer vi til ei befaring på gamle sjukeheimen i Vestre Slidre. Kommunen har som ambisjon å få avklart framtidig bruk av den gamle sjukeheimen. Avklaringa vil truleg skje i samband med behandling av handlings- og økonomiplan for 2025-2028. Vedtak blir der fatta i møtet 12.desember.
Fram i mot vedtaket vil det bli vurdert både kva for framtidig bruk kommunen ynskjer samt korleis kommunen tenkjer ei realisering av tiltaket.
Som ei førebuing til eit framtidig arbeid ynskjer vi at byggenæringa kan få sett bygget og gjort sine vurderingar. Vi håper de har anledning til å møte opp.
Sist endra 30.09.2024 11.56