Besøk hjå Lena og Jan Erik Lisjordet- ein av plassane det blir satsa på landbruk

Ordførar Haldor Ødegård og rådgjevar for landbruk, Anne Marie Mørstad har vore på besøk hjå ekteparet Lisjordet for å sjå på det nye fjøset. Ekteparet Lisjordet fortel om optimisme, men har og nokre direkte meiningar om kva som er viktig å prioritere politisk, nasjonalt som lokalt. 
Det vart delt erfaringar og betrakningar omkring; er det stor nok pott til innovasjonsmiddel, samvirkebedrifter og faglag som må vera "påskrudd" , bevisstgjering av forbrukar, auka kommunale tilskot til dei som vil satse, når er stort nok stort nok? Det må bli større fokus på "motoren" i landbruket, byggekostnader og mykje meir. 

Når fjøset var klart til å tas i bruk, fortel dei om kyr som fort forsto dei nye prinsippa og tilpassa seg nytt fjøs og  lovprisa roboten "lortepus" som skrapa golvet. Fjøset vart som forventa, men unntak av nokre overraskingar som det ofte er i byggeprosjekt, denne gongen på gamle betongkonstruksjonar.

Vestre Slidre kommune ønsker all mogeleg lykke til. Vi treng folk som Lena og Jan Erik til å produsere nok og trygg mat til den norske forbrukaren, no og i framtida.

Nytt fjøs