Bli med på årets TV-aksjon!

Vi inviterer barn og vaksne til å vere med på NRK TV-aksjonen. I år går bøsseberarane frå dør til dør søndag 19. oktober.

TV-aksjonen er ein årleg innsamlingsaksjon og har blitt arrangert sidan 1974. Kvart år samlar heile Noreg inn pengar til ei viktig sak og mange engasjerer seg, alt frå kongehuset til skolar og næringslivet. Ein søndag i oktober bankar 100 000 barn og vaksne på dører i nabolaget for å spørje om folk vil bidra. Andre sel kaker eller arrangerer konsertar til inntekt for TV-aksjonen.

Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og høve til eit betre liv. Vi skal gje 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.

Barna kan lære om årets tema på skolen gjennom undervisningsopplegget til TV-aksjonen som er gratis tilgjengeleg på salaby.no.

Gå inn på tvaksjonen.no for å lese om korleis du og familien din kan bli med på årets TV-aksjon.

Meld din interesse på e-post til:

ingunn.snortheimsmoen@vestre-slidre.kommune.no

eller på SMS/telefon: 90 47 02 38