Bonden sitt nettverkMålet med “Bonden sitt nettverk”, er å gje bonden ein tryggare kvardag. Bonden eller pårørande kan ta kontakt med “Bonden sitt nettverk” for å få hjelp til å løyse ulike problem og utfordrande hendingar. “Bonden sitt nettverk” kan og ta kontakt med bonden for å undersøke om vedkommande har det bra. Dei kan hjelpe til å løyse eventuelle problem på eit tidleg tidspunkt for å forhindre ei større krise.Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang kommune har gått saman om å danne eit lågterskeltilbod for å forebyggje psykisk uhelse i landbruket, og eit sikkerheitsnett hvis ein bonde kjem ut for ei ulykke.Les meir her (PDF, 70 kB) Bonden sitt nettverk Bonden sitt nettverk Kontakt Telefon Landbrukskontoret v/Anne Marie Mørstad 909 44 807 Veterinærvakt i Vang og Vestre Slidre 613 43 990 Psykisk helse 991 17 810 Lege Marit Tuv 975 66 647 Vestre Slidre avløysarlag 480 31 345 Sist endra 07.03.2024 15.15