Bu trygt heime lengst mogleg

Måndag 28. september kl. 10.00–17.00 og Tysdag 29. september | kl. 10.00–15.00 kan du besøke ei visningsleilighet på helsetunet og møte fagpersonar frå kommunen.

Små tiltak kan gjere ein stor forskjell • Trygg heime – heile livet

Vestre Slidre kommune inviterer til visning av SKAFOR-leilegheita
 

Kvar: Kantina på Helsetunet
Når: Måndag 28. september kl. 10.00–17.00 og Tysdag 29. september | kl. 10.00–15.00

Kulturskulen bidrar med musikalske innslag.
Kantina på Helsetunet held ope under arrangementet. Her kan du kjøpe noko å ete og drikke.

Det er gratis og ope for alle

SJÅ OG PRØV
• Velferdsteknologi: Medisindispenser og tryggleiksalarm.
• Hjelpemiddel i heimen: Sjå eksemplar på hjelpemiddel som kan gjere daglege gjeremål enklare og bidra til auka
sjølvstende.
• Fallførebyggjande løysingar: Lær meir om korleis små tilpassingar i heimen kan redusere risikoen for fall.
• Brannførebyggjande tiltak: Få informasjon om enkle og effektive tiltak som kan auke branntryggleiken i 
heimen.
• Høyrselsforbundet: Informasjon om nedsett høyrsel og høyreapparat.

MØT FAGPERSONAR FRÅ KOMMUNEN
Representantar frå ulike tenester i kommunen vil vere til stades begge dagane. 

Du kan få råd om hjelpemiddel, tilrettelegging, førebyggjande tilbod og korleis du kan bu trygt heime lengst mogleg.