Dagsturhytta har kome til Tingsteinen - Vestre Slidre kommune

Dagsturhytta har kome til Tingsteinen

Vestre Slidre kommune har fått dagsturhytte, og no står ho ved Tingsteinen langs E16. Hytta er lett tilgjengeleg og kan bli ein møteplass for alle.

Tingsteinen er ein badeplass, og dagsturhytta kan gjere området endå meir attraktivt. Her kan folk møtast før eller etter eit bad, søkje ly for vêret, varme seg, ta ein prat eller bruke hytta som ramme for små samlingar – og for dei som kjem med båt, kajakk eller kano, kan turen til Tingsteinen òg bli ein fin dagstur.

Plasseringa ved Tingsteinen er førebels, og sjølv om det har vore – og framleis er – diskusjon om kvar hytta bør stå på sikt, er det grunn til å glede seg over at ho no er komen på plass. Kommunen skal kome tilbake med ny sak om eventuell permanent plassering våren 2027, der mellom anna Prestgardshavnin skal vurderast.

Vi håpar mange tek turen innom, brukar hytta og får gode opplevingar ved Tingsteinen.