Eigenberedskapsveka i november og krisekommunikasjon i Vestre Slidre Kommune

Fyrste veka november er eigenberedskapsveka nasjonalt. Meir informasjon om eigenberedskapsveka finn du nedanfor. 

Korleis vi får kontakt med nødetatar og kommunen når akutte behov oppstår og telefon og nett er borte får du og informasjon om nedenfor.  

  1. Eigenberedskapsveka:

Fyrste veka november er eigenberedskapsveka nasjonalt.  Meire informasjon finn du her:

https://www.dsb.no/nyhetsarkiv/2021/egenberedskapsuka-2021-er-i-gang/

Statsforvaltaren i Innlandet har evaluert ekstremværet i fjor haust og det er omtale i denne avis-artikkelen, med lenker:

https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/P44zbz/statsforvalteren-ber-folk-forberede-seg-paa-stroembrudd-viktig-aa-ha-en-plan

Vi må være budde på at det og kan koma hendingar i framtida som set infrastruktur ut av spel. Kommunen rår til at de ser på råda om kva som bør være i huset. Og at de tenkjer over korleis mat kan lagast,  dersom straumen blir borte over lengre tid. Vedovn, gass, primus, grill eller bålpanne? Det er og viktig at de ved hendingar som kan koma, tenkjer etter om det er nokon de veit om som kan trenge hjelp. Og hjelper til, eller varsler kommunen om det er behov for det.

  1. Krisekommunikasjon i Vestre Slidre Kommune.

Dersom telefon og internett fell bort, er det viktig å sikre deg som er i kommunen tilgang til å få kontakt ut ved akutte behov.  

  • Dersom telefon fell bort, kan du ringe over internett. Sjekk instruksjon for telefonen din for korleis du aktiverer det og prøv det. Og du kan ringe via internett på  m.a. messenger, facetime, whatsapp m.fl. Det er greit å teste ut dette under normale tilhøve. Prøv det. Og lær gjerne opp dei som ikkje er så vande med slikt i familien din eller blant vennene dine,  når alt fungerer. Så slepp du det når det haster.
  • Dersom både telefon og internett fell bort i meir enn to timar, er det viktig at du veit dette:

Ved bortfall av telefoni og internett som varer meir enn i to timar, vil du finne innsatspersonell med nødnettsamband ved

  • Ambulansestasjon i Ryfoss,
  • På Slidretun og
  • Brannstasjon i Røn.

Er det beskjeder som det er viktig at når fram til kriseleiinga i kommunen med, henvend deg på desse tre stadene, eller direkte på kommunehuset.

Er det beskjeder som er viktige å få ut frå kommunen, vil det og bli plakatar ved kommunehuset, samt ved inngangsdørene til butikkane, bensinstasjonane i kommunen, samt ved butikken og bensinstasjonen i Ryfoss.