Ekstremvêret Hans- det blir varsla ekstremt mykje regn og raudt farenivå måndag 7. og tysdag 8. august

Det er sendt ut farevarsel om regn, flaumfare og jordskredfare på raudt nivå for heile fylket gjeldande frå måndag. Vêret har fått namnet Hans. 

Både Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Meteorologisk institutt har søndag oppgradert farevarsla sine til raudt – og dermed høgaste – nivå.

Vassføringa vil auka raskt i små og middels store elvar og bekker. Dette kan føra til lokale flaum, jord- og flaumskred. 

På grunn av dei ekstreme vêrforholda er det viktig at du som innbyggjar førebur deg og sikrar deg mot eventuell flaum. Spesielt dei som bur langs bekker og elvar, blir bedne om å ta ekstra atterhald.

Me tilrår derfor:

  • Hald deg oppdatert om situasjon og hugs at du sjølv må sikra eigen eigedom og private vegar mot overvatn og flaum. Me minner også om at stikkrenner under private avkøyringar frå kommunal veg, er huseigars ansvar.
     

Dette kan du gjera: 

  • Sikre og flytt verdiar bort frå utsette område, til dømes i kjellarar, bilar, campingvogner langs elvar og bekker.
  • Det er viktig at du reinsar stikkrenner, kummer og andre vassvegar for jord, grus, kvist og lauv slik at vatnet kan renna uhindra der det vanlegvis renn. 
  • Sørg for at stikkrenner under avkøyringa frå offentleg veg til eigedommen din er opne. Dette er kvar enkelt grunneigar/huseigars ansvar. 
  • Hald deg unna elvar og bekker med stor vassføring.
     

Flaumfare på raudt nivå gyldig frå den 7. august:  Flaum og jord/skredvarsel/ Varsom.no
 

Det er venta ekstremt mykje nedbør i delar av Sør-Noreg. Ta forholdsreglar og følg råd frå styresmaktene. Vurder nøye om reisa faktisk er nødvendig. Meir informasjon her:
https://www.yr.no/nb/ekstrem/hans
 

Extremely heavy rain is expected in parts of South Norway. Take precautions and follow the advice from emergency authorities! Carefully consider whether the journey is necessary. Information in English: https://www.yr.no/en/extreme/hans
 

Statsforvaltaren Innlandet har følgande informasjon på si heimeside: Ekstremværet Hans- vær forberedt
 

Vakt-telefon for kommunal veg ring: tlf: 61 34 51 86

Ved trafikkfarlige situasjoner, som for eksempel oversvømmelse eller gjenstander i veien, skal du ringe veitrafikksentralene på telefonnummer 175.
 

Treng du hjelp: 

  • Har du behov for bistand til å sikre dine verdier, må du kontakte ditt forsikringsselskap.
  • Ved fare for liv og helse, kontakt nødetatene:
    • Brann: 110
    • Politiet: 112
    • AMK, medisinsk hjelp: 113