Ekstremvêret Hans- oppdatering 11.08.23 kl 10.00

Kommunen kan framleis melda om at situasjonen er stabil. Heldigvis ser det ut til at vasstanden er i ferd med å gå ned i Slidrefjorden, og ikkje når opp til prognosa frå Begnavassdraget (FBR). Strandefjorden har framleis ein svak stigning, men ser heller ikkje ut til å nå forventa prognose frå i går. 

Dei kommunale tenestane går som normalt, og det er framkomeleg på vegane i heile kommunen. 

Dersom det ikkje kjem nye hendingar, blir den etablerte kriseleiiinga avvikla i løpet av dagen. 

Kommunen er framleis tett på situasjonen, og mannskapa våre følgjer med ute gjennom helga. 

Samanlikna med kommunar sør for oss, har me i Vestre Slidre vore heldige.