El-syklar til heimetenesta!

Denne veka var det stor entusiasme hjå dei tilsette i heimetenesta i Vestre Slidre kommune. Forslaget og initiativet om å kjøpe to el-syklar kom frå dei tilsette. Hilde, Ida og Britt ser på frisk luft og fysisk aktivitet som ein ekstra bonus på vaktene sine no framover. Vi er og fornøyd med å ha «kortreiste syklar» frå lokalt næringsliv både på Intersport på Vaset og i Skørn.