Vil du på telttur, teste SUP-brett eller kano i sumar? Hos BUA i Vestre Slidre kan du låne sports- og friluftsutstyr heilt gratis. BUA er open tysdag 14–16 og torsdag 15–17. Sjekk utvalet på BUA.no! https://www.bua.no/finn-bua/bua-vestre-slidre
Ynskjer du å bruke trimrommet i Slidre? Her finn du informasjon: Trimrommet i Slidre kulturhus - Vestre Slidre kommune
Kulturkafeen er ein flott møteplass i sentrum og blir brukt til mange ulike arrangement. Han er mykje brukt til utleige, kantine for ungdom og gratis bruk for frivillige lag og foreiningar, og frivilligsentralen har mange av aktivitetane sine der. Kvar måndag er det open kafé med frivillige frå kl. 11.00–14.00, og her kan ein kjøpe kaffi, vaflar og rundstykke. Kafeen har sumarstengt, men opnar att til hausten.